Dovre Handverkstuggu

Dovre handverkstuggu

tekst: Åse Bentdal foto: Svein Rune Berg

Ein utruleg plass - midt i Dombås sentrum...

Medlemsmøtet 17. april på Dovre Handverkstugu

 

Handverkstugu på Dombås er eit skattkammer for den som er interessert i kunsthandverk.

I første etasje finn du alt frå heimlaga såpe, glaskunst, strikking, vevnad, bakst, keramikk og mykje anna spennande, og til galleriet i 2. etasje, der både maleri, akvarell og decoupage prydar veggane.

 

Medlemsmøtet denne kvelden var av det lette slaget, der praten gjekk livleg rundt borda. Maleri vart studert og kommentert, og vi fekk ein innføring i teknikken decoupage. Produsentane fortalde oss om produkta sine i 1.etasje, og fleire opna lommeboka og fekk med seg nokre fine ting heimatt.

 

Handverkstugu ønsker at fleire kan stikke innom for ein prat, eller berre sjå seg om, eller ta ein tur opp i galleriet.

I 2. etasje finn du og ein liten bruktbutikk.

 

For fleire bilete frå kvelden - trykk her

 

ÅB

Dovre Lesja kunstforening

Takk for at du besøkjer heimesida vår.

COPYRIGHT © 2018 | ALL RIGHTS RESERVED

dovre lesja kunstforeining | web: iguan design