Innraming

Det gjeld innraming!

tekst: Åse Bentdal foto: Svein Rune Berg

”Eit bilde kan ha mange slags innramingar. Kva for innraming skal du velje?”


For dei som deltok på medlemsmøtet på Toftemo, blei det ein lærerik kveld. Bård Bårdløkken, som har drive med innraming i mange år, ga oss ein interessant innføring i rametypar og vurderingar i forhold til bilde. Bruk av paspatur blei og ein spennande bolk. Diskusjon rundt bruk av ein eller to paspaturar, farga eller kvite, synte oss at at det ikkje er likegyldig kva vi veljer. Kva fargeval på paspatur har å seie for framheving av farge i bilde, såg vi godt. Fleire hadde med seg bilde dei ville ha rama inn, og synspunkta rundt dei m.o.t. innraming var mange og fargerike. Hyggeleg kveld med god bevertning.

I galleriet kan du sjå fleire bilete


ÅB

Dovre Lesja kunstforening




Send oss gjerne dine beste tips på tema, innslag, interessante personar ol.

COPYRIGHT © 2018   |   ALL RIGHTS RESERVED

dovre lesja kunstforeining  |  web: iguan design