Spikking

Temakveld på Dombås bibliotek

tekst: Åse Bentdal foto: Eldbjørg Nyborg

Det er utruleg kva ein kan få til med ein kniv!


Egil Tyriberget heldt eit engasjert foredrag om spikkekunsten, ispedd interessante historiar rundt eigne produkt, mellom anna tømmerhoggarane si historie i Norge. Denne historia var synleggjort i fantastiske, levandegjorte figurar.


Med kniv og vyrkje og plaster i bakhand fekk forsamlinga prøve seg på å spikke ein dompapp etter god tavleinstruksjon. Ingen vart ”såra”, alle var nøgde med eigne, halvferdige produkt som skulle heim og tørke langsomt i papir og plast.

Det er første gong at biblioteket har sett ut som ein snikkarverkstad.


Fyrst hadde vi solid servering av spekemat, potetsalat, flattbrød, kaffi og kake.


I galleriet kan du sjå fleire bilete


ÅB

Dovre Lesja kunstforening




Det er lett å verta medlem i kunstforeninga!

Ta kontakt i dag.



Meld deg inn her

COPYRIGHT © 2018   |   ALL RIGHTS RESERVED

dovre lesja kunstforeining  |  web: iguan design