Urnes

Du kan sjå fleire bilete frå turen ved å gå inn i galleriet vårt

Dovre Lesja kunstforening har mange bilete som vi gjerne vil dele med dykk.

 

Det er difor mogleg å gå inn i galleriet vårt. Der vil du kunne finne mange fotografi frå både arrangement og turar.

 

GALLERI

URNES

tekst: Åse Bentdal Foto: Eldbjørg Nyborg

”Å Vestland, Vestland! når eg ser deg slik med fagre fjell og fjord og tronge vik........”

Slik startar songen skrive av Tore Ørjasæter. Den skal syngast med varme står det på notebladet, og varme om hjartet blei nok dei fleste av oss då vi kom køyrande ned mot Fortun, og Vestlandet viste seg i sin beste vårlege prakt med blomstrande frukttre, smal stille fjord og bratte fjell framleis med snø på toppane. Turen vår til Walaker hotell og Urnes var i gang.

 

Gjennom mange svingar nedover den trange Solvornsdalen, kom vi ned til idylliske Solvorn, perla ved

Lustrafjorden. Mens Solvorn tidlegare var eit viktig knutepunkt mellom jordbruksbygdene på Hafslo og fjorden, dvs. resten av verda, er det, etter at bilen, på 1950-talet, overtok som transportmiddel, blitt ei idyllisk lita perle utafor den verkelege verda. Etter å ha sjekka inn på Walaker, fekk vi tid til å spasere litt rundt i dei trange gatane mellom velhalde vestlandshus. Vi gjekk og oppom den gamle kyrkjegarden. Her ligg fleire historiske personar og mellom dei, Munthe-slekta frå Kroken.

"...sonen Theodor skulle bli

skolert godt og lærast opp til mangt og mykje, før han forhåpentlegvis vil ta over som 10. generasjon

om ca. 30 år..."

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Før middag fekk vi ei historisk orientering av Ole Henrik Walaker, som driv Walaker hotell i dag saman med sine foreldre Hermod og Oddlaug W. Dagens vertskap er 8. og 9. generasjon av slekta Nitter.

Ole Henrik fortalde levande og personleg og sa mellom anna at sonen Theodor skulle bli

skolert godt og lærast opp til mangt og mykje, før han forhåpentlegvis vil ta over som 10. generasjon

om ca. 30 år.

Walaker hotell er Noregs eldste hotell og har vore i kontinuerleg drift av den same familien siden

1690. I 1883 då trekyrkja i Solvorn vart rive, kjøpte hotellet denne for 420 kr. og bygde den om til

fjos. I tilknyting til 300-års jubiléet vart kunstgalleriet Galleri Walaker 300 opna i det gamle fjoset rett

bak hotellet.

Vi kunne nyte dei frodige keramikkdamene til Karin Øvstedal, filosofere ved Astrid Grue sine

lysberarar, gruble over meininga med kvinner utan hovud malt av Kristin Romberg og drømme oss ut

av tid og rom framfor Per Ove Sødal sine maleri. Vi kjøpte eit bilete av den siste til neste kunstlotteri.

Den firerettars middagen som vart servert i smalahuset, var utsøkt: Forrett, jordskokksuppe

med bacon frå Haugen Gardsmat i Flåm. Mellomrett, nøttebakt laks med krema persillerot og

løpstikkeskum. Hovudrett, grilla kveite, blomkål & fennikel, bakte poteter med kvitlauk, smørsaus

med graslauk & kvitvin. Dessert, balsamicomarinerte jordbær og sjokolade- & kirsebærsorbet. Med

dyktige kokkar, god vin og lystig stemning, blei måltidet ein sosial og gastronomisk nyting.

Fire modige damer starta neste dag med eit friskt morgenbad på ”costa del solvorn”, før vi inntok

ein smakfull og heimlaga frokostbufé.

Presis kl. 10 sette vi oss på ferga over fjorden til Ornes. Vi spaserte opp til målet vårt, Urnes

stavkyrkje. Tre gongar reiste dei ei stavkyrkjepå same staden her på Orneset. Med andre ord; dei

utvida kyrkja i staden for å byggje ny. Den tredje er den vi kan oppleve i dag. Den er frå første del

av 1100-talet, men har inngangsportal frå ei eldre kyrkje. Kyrkja har stått mot tidas tann fordi ho er

oppsett på ei treramme som kvilar på fundamentsteinar. Trematerialane kjem ikkje i kontakt med

fuktig jord og held seg tørre. I 1979 vart kyrkja oppførd på UNESCO si liste over dei mest framståande

kulturminna i verda.

Ei dyktig og kunnskapsrik guide gav oss ein interessant time, først om utskjæringane på utsida av

kyrkja og inngangsdøra med det vakre smijernsbeslaget, og så det spennande interiøret: Portal

(opphaveleg hovudinngang), veggplankar og hjørnestav frå kyrkja som vart bygd i andre halvdelen av

1000-talet og rive i første halvdel på 1100-talet, ”Fontehuset” , ”Munthe-stolen” frå 1662, korskilje

frå 1660-talet, altertavle og preikestol frå 1690-talet,mellomaldersk lysekrone som hekk frå taket, på

veggene figurar og runeskriftar rissa inn, maleri frå 1600-talet og den spennande kulturhistoria rundt

alt dette. Her var det mykje lærdom å få.

Det var godt med is og god drikke frå Urnes gard før vi vende nesa heimover langs ”Den romantiske

vegen” på sørsida av Lustrafjorden. Her er det særskild vakker natur og kulturhistorie i verdsklasse.

Idylliske små grendar med frukttre avbrote av grøn skog og ville fossefall. Vi stoppa mellom anna ved

Munthehuset der Helle fortalde litt om Munthefamilien. Vi måtte og stoppe og handle ved Vetlabui,

eit kjøleskap som står langs vegen og fungerer som sjølvbetjent butikk, der betalinga blir putta i ein

isboks med hol i.

Etter ein kort kaffestopp på Bryggjehuset i Skjolden, fortsette vi til Turtagrø der ein betre middag

venta før vi tok fatt på siste etappe heim over Sognefjellet.

 

Flott og lærerik tur.

 

COPYRIGHT © 2018 | ALL RIGHTS RESERVED

dovre lesja kunstforeining | web: iguan design