Stafett på staffeli - 01 2014

Januar 2014


Jogrim Nordsletten

Vatnet sine mange vegar til hav


"Å fotografera er å velja mellom det som finst,  - rett framføre deg eller fjernt. Ein tek bort, legg til, fører ting saman, forandrar perspektiv,  skaper nye kombinasjonar, opnar vegar for assosiasjonar. Sjølv det strengaste dokumentarfotografiet har noko av dette. Dei viktigaste verkemidla er ljos, linjer, komposisjonsregi, kontrast, farge- eller gråtoneskala.


Ein veit ikkje alltid heilt kva ein gjer, heller ikkje kva ein vil, sjølv om ein i utgangspunktet kjenner det slik. Hadde vi alltid visst kvar vi hamna, hadde mangt vore uprøvd. Vegane til eventyrland er ikkje skilta. Av og til kjem vi dit likevel, og det hender at nokon står der frå før.  Mønster finst i det meste, ope eller nesten gøymt. Det likar eg. Mønster gjev rom for tydingar, også dei som ikkje ligg i tingen i seg sjølv. 


Ein fram- og attendestraum går mellom mønster, symbol og menneskets evne og hug til tolkning. Ofte tolkar vi feil eller annleisretta. Det er vår glede og sorg. Av og til fører tolkingane våre oss mot andre, til og med nært.


f. 1937. Medlem av Dovrefjell Fotoforum. Arbeidde i Lesja 1989-2007. Nå pensjonist. Bur i Oppdal."


Bildet sto på staffeliet i biblioteket på Dombås i januar 2014.

Stafett på staffeli

COPYRIGHT © 2020   |   ALL RIGHTS RESERVED

dovre lesja kunstforeining  |  web: iguan design